Olav Grimstad

 

Eg er fødd 17/1 1950, og er oppvaksen i Ørsta på Sunnmøre. Den kunstnarlege utdanninga si har eg frå kunststudier ved Manger Fylkesskule (under m.a. Øyvind Aksnes) i 1970, formingslærarskulen i Bergen og kunsthistoriestudier (grunnfag) ved UiO i 1977. Utover dette er eg autodidakt i  akvarellmaling, og har etter fleire tiår i faget opparbeidd meg ein grundig erfaringsbakgrunn og rutine. Sidan 1977 har eg budd og arbeidd i Hurum ved Oslofjorden, der eg ved sidan av akvarellmalinga har undervist i forming i ungdomsskolen. No driv eg mitt eige kunstgalleri ,  antikvariat og bokpub på Storsand i Hurum: Galleri&Gallera. 
Eg har teke del i ei lang rekke utstillingar sidan debuten i Ørsta Kunstlag 1977. (sjå nedanfor)

Fleire kommuner har kjøpt arbeida mine, og eg har designa mange større og mindre grafiske arbeid, hefter, brosjyrer, plakatar, logoar og lignende. Eg har også utført bokillustrasjonar. I tillegg har eg undervist i akvarellmaling ei periode kvar haust på den Liguriske rivieraen i Italia, og frå hausten 2018, i Barxeta nær Alicante i Spania.
Eg har fått Dan Anviks minnefonds ærespris for 2004, samt Hurum Kommunes kulturpris for 2004.

  

 UTSTILLINGAR
Ørsta Kunstlag 1977 – 1987 – 1997
Hareid Kunstlag 1981 – 1987 – 1999 (sommarutst.)
Nore og Uvdal kunstforening 1986
Galleri E6, Melhus 1987
Petterstueløkka Kunstsenter, Sætre , sommar 1986/87/90/91-jul193
Hurum Kunstlag, støautstillinga 1988. 1998 Novemberutstillingen, BBK 1987 – 1988
Røyken Kunstforening 1987
Skipperstua, Brevik 1990
Gyldendal Norsk Forlag, Oslo jul 1990
Galleri Perrongen, Rødberg 1991
Herøy Kunstlag 1991
Lier Kunstforening 1992
Bluesfestivalen, Notodden 1994
Galleri Vestfjorden Sætre Sommarutst. 1995 – 1996
Galleri&Gallera, sommarutst. 1998 /2005-2011
Filtvet Fyr, sommar 1999 og 2004
Høstutstilling, Hotel Wassilioff 1999 – 2003
Hovden skisenter 2000
Asker Kulturhus 2000
Nøsen Fjellstue 2001
Hareid Kunstlag 2002 (25-års jubileumsutstilling)
Galleri Klavestad, Skreia , September 2005
Ljuders Konstnärforening, Skruv, Sverige, oktober 2006
Ørsta, Ivar Aasentunet November 2007
Kunst&Håndverksutstillingen, Lions Club, Asker 2008-2011
Karis keramikk og glas, Veggli 2010-2011
Nynorsk antikvariat 2010
Hurum Kunstlag, Støa 2011
Filtvet Fyr 2011
Kunst Rett Vest 2010/2011/2012/2013/2016/2018
Asker Kunstforening 2012
Hurum Rådhus 2013
Sætregård 2013
Måløy Kunstlag 2014
Galleri Akvarellen, Bærum 2015
Holmsbustuene 2015
Herøy Kunstlag mai 2017
Hurum Kunstlag Støa, juli 2017
Sommarutstilling Ørsta Kunstlag ,juli 2017